Loddsynken (Flåt)


Loddsynken var inngongen til Nygruva i Flåt nikkelgruve i Mykleåsen i Flatebygd i Evje. Det var ei sjakt som gjekk loddrett nedover i fjellet. Til slutt enda ho på 422 meters djup.[1]
Arbeidet med denne sjakta blei starta opp i 1914/1915. Her var det bare gråfjell ned til 163 meter. Ved 183 meter møtte Loddsynken på Skråsjakta i Gamlegruva. Frå dette tidspunkt blei all steinen i Flåt-gruva henta opp gjennom Loddsynken.
I Loddsynken blei det skote ut stasjonar for kvar 20 meter nedover (seinare 40 meter). I alt blei det ni slike stasjonar. Frå desse blei det laga lange orter utover til sidene i sør-austleg retning. I starten kom ein ganske snart inn til sjølve malmsona. Men malmsona gjekk på skrå nedover i fjellet. Etterkvart måtte ein difor skyte seg lenger og lenger gjennom gråfjell før ein kom fram til malmen.[2] Den lengste av desse stollane ut frå Loddsynken, den nederste (402), var mest 700 meter lang.
I den loddrette sjakta var det heis. Det gjekk ein stol opp og ein stol ned med ei vogn som til å begynne med kunne ta eitt tonn stein. Seinare auka kapasiteten til 1,5 tonn i kvar vogn. Malmvogna blei heist opp i ein stol til «Inntaket» oppe i dagen. Derfrå blei malmen sendt vidare til knusing.
To av dei første drivarane i Loddsynken var Syvert Åsland og Petter P. Oseng. Andre som ein veit var med på å drive ut synken var Ola Kjebekk, Simon Simonsen, Johan Olsen og Nils Mørk Nicolaysen. [3] Nils M. Nicolaysen omkom seinare i ei tragisk drukningsulukke i gruva i 1935.
Referansar
- ↑ Sigmund Monen, Flåt nikkelgruver og bygda. Arbeidarhistorie, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 219
- ↑ Flåt nikkelgruver og bygda. Arbeidarhistorie, side 220
- ↑ Flåt nikkelgruver og bygda. Arbeidarhistorie, side 218-219