Hopp til innhald

Eptevatn (Mykland)

Frå Setesdalswiki
Eptevatn 24. august 2026.

Eptevatn er eit vatn på heia heilt nord-vest i Mykland i Froland kommune. Det er eigentleg to vatn, Homstølvatn og Eptevatn, som er blitt eitt stort, samanhengande vatn etter oppdemming av Eptevatn til magasin for Hanefoss kraftverk i Herefoss i 1971. Skripelandsfossen kraftverk nyttar óg vatn frå Eptevatn (frå 2014).

Øvre reguleringsgrense (HRV) er 350 moh. Nedre reguleringsgrense (LRV) er 328,6 moh. Reguleringshøgda i vatnet er såleis 21,4 meter.

Vatneveien går frå Risdal inn til Eptevatn. Han er bomveg. Ein kan betale 150 kr kontant eller med Vipps for eit dagskort.

Kjelder

  • Norgeskart.no
  • Geir Daasvatn, besøk på staden, dokumentert med bilete
  • Skilt ved dammen

Kart