Elma
Hopp til navigering
Hopp til søk
Elma er ein kledebutikk i Sentrumsbygget i Evje sentrum. Frå opninga 1. november 2019 til månadsskiftet mars/april 2025 heldt dei til litt lenger nord i handlegata, rett nord for Intersport Evje.
Butikken fører klede for heile familien, og er særs aktive på sosiale medier og driv også nettbutikk. Det er (2025) to heiltidstilsette i verksemda, og fire ekstrahjelper.
Namnet er forkorting etter dei to opphavelege innehavarene Elin Engesland og Marte Klungeland Meland. Hausten 2022 gjekk Gunn Åsland inn på eigarsida saman med søstera Elin Engesland.
Kjelder
- Facebooksida til Elma Evje
- Sigrid Åsen Haugsgjerd, Ny eigar på Elma, artikkel i Setesdølen nr. 75, 2022, side 4
- Olav Åsen Haugsgjerd, Flyttar til Sentrumsbygget: – Me blei litt aleine, artikkel i Setesdølen nr. 26, 2025, side 6