Sigrid Åsen Haugsgjerd

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Sigrid Åsen Haugsgjerd
Født: 1991 (alder 34–35)

Sigrid Åsen Haugsgjerd (fødd 1991) er journalist i Setesdølen, utdanna lærar og bur i Flatebygd i Evje.

Sigrid vaks opp i Grendi, som dotter av Aud Åsen Haugsgjerd og Sigurd Haugsgjerd. Utdanninga tok ho i Oslo. Sigrid vikarierte opp gjennom åra mykje i Setesdølen, der pappa Sigurd var redaktør til 15. mars 2025. Seinare blei ho fast tilsett i avisa. Ho er interessert i dialektar, heimebakst, målsak, teater og norsk samtidslitteratur.

Sigrid er ein av omforteljarane i Eventyr frå Setesdal (2017), attforteljinga av Johannes Skar sine eventyr i Gamalt or Sætesdal på meir moderne nynorsk. Ho er styremedlem (2017) i Bygland Mållag.

Kjelder

  • Eventyr frå Setesdal, utgjeve av Bygland Mållag, 2017, side XI