Dysjebekken
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Folke Nesland
Dysjebekken renn frå Dysjetjønni i fjellheimen nord for Dysje ned til og ut i Botsvatn ved dei nedlagte gardsbruka på Dysje i Botnen i Bykle.
Bøndene på Dysje hadde kvern til å male korn i Dysjebekken. Ho låg på vestsida av bekken. Eit snøras tok med seg kvernhuset, truleg like før eller tidleg under andre verdskrigen. Ein av kvernsteinane skal vere brukt som utebord på ei hytte på Skreppestøylhaugen. Litt lenger nede langs bekken var det slipestell. Sag har det også vore langs bekken. Stadnamna Stampefloti og Stampebakken taler for at det òg har vore vadmålsstampe.
Kjelder
- Norgeskart.no
- Eivind Bratteland, Dysjesoga, eige forlag, 2018, side 144
- Folke Nesland, Slåttonn på Dyse i åra 1954–63, stykke i Setesdal og setesdølar, utgjeve av Setesdal sogelag, 2017, side 90–97