Dei høgaste fjell og nutar langs båe sider av Otra 3

Dei høgaste fjell og nutar langs båe sider av Otra 3 er eit hefte av Reidar Tveito. Det er på 52 sider og dekker Øvre Setesdal. Det kom ut i september 2011. ISBN 978-82-998304-4-7
På framsida er det bilete av Skordalsnuten i Troddedalen, Bykle. På baksida ser vi Midtfjellristin og Svartenut turisthytte i Valle. Reidar Tveito har skrive og fotografert frå turar han har gjort til dei høgaste toppane i kvart av dei gamle kyrkjesokna i Valle prestegjeld. I tillegg har han fortalt om ein tur han gjorde til Snjoheinuten, som er 14 meter lågare enn Austre Kaldafjell i Bykle vesthei, og som difor ikkje var høgaste toppen.
Turane vart gjennomførde sommaren 2010 og sommaren 2011. Turfylgje var Heidi Marie Hansen Tveito og Kjell Arild Lia. I arbeidet med heftet har han hatt hjelp av Gjermund Flaten, Dag Gullesen, Torfinn Normann Hageland, Tarjei Haugen, Leonhard Jansen, Hallvard Lauvdal, Folke Nesland og Bykle YX.
Faktafeil i heftet. Under omtale av turen til Austra Kaldafjell, på side 40, vert det opplyst at ein kom forbi Hyttinghaugane. Det rette er at omtala fjell i heftet, som har ei høgd opptil 1307 meter over havet, ikkje har noko kartnamn. Hyttinghaugane derimot finn ein på kartet, nord-vest for Odden, i enden av Ormsavatnet.
Innhald
- Beinleinuten, 1303 moh, gamle Hylestad kommune, vesthei
- Urdalsknuten, 1434 moh, gamle Valle kommune, vesthei
- Glåmsheii, 1224 moh, gamle Hylestad kommune, austhei
- Kaldeskardnutan, 1342 moh, gamle Valle kommune, austhei
- Snjoheinuten, 1438 moh, fin tur, men til feil topp i Bykle vesthei
- Austra Kaldafjell, 1452 moh, Bykle vesthei
- Sæbyggjenuten, 1504 moh, Bykle austhei