Dalstøylvegen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Dalstøylvegen på Uppstad i Hylestad er ein skogsbilveg (bomveg) som tek til ved betalingsbom nokre hundre meter nord for den store Uppstadtippen. Tippen stammar frå steinmassene frå tverrslaget i 1962. Vegen går fleire kilometer nordover gjennom Hylesdalen til Myrbui. Når ein er komen så langt, er ein over på grunnen til Syndre Bø i Valle.
Heile vegstykket frå busetnaden på Uppstad til Myrbui heiter offisielt Syndre Hylesdalsvegen.
Eit veglag, Dalstøylvegen SA, driv vegen.