Tveitebøvegen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Tveitebøvegen er ein kommunal veg i Valle. Han startar frå Fylkesveg 336 ved garden Jordet i sør, og går i ei sløyfe nord-austover gjennom Tveitebø før han svingar mot vest og treff på fylkesvegen igjen ved Støyla. Vegen er noko over 1 kilometer lang. Ei grein av vegen går sørover forbi Tussehaugen. Nord i Tveitebø tek Espetveitsvegen til frå Tveitebøvegen, og går oppover i terrenget til Espetveit.
Kjelder
- Alfred Ryningen, Valle kommune V Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 7
- Kart, GISLINE Webinnsyn Setesdal
- Vedtak om vegnamn i Valle av Oppvekst- og kulturutvalet på møte 3. september 2013
- Liste med vegnamn og lenke til kart på heimesida til Valle kommune