Byrtedalen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Byrtedalen ligg nord-vest i Tokke kommune i Telemark. Dalføret strekker seg om lag åtte kilometer vestover frå Byrtevatn. Byrteåi slyngar seg gjennom botnen av dalen til Byrte ved Byrtevatn.
Mange gamle støylsbygningar står framleis att i Byrtedalen. I gamal tid var dalen ein naturleg innfallsport for ferdsle frå Telemark til dei øvre delar av Setesdal. Turistløypa til Tjørnbrotbu i Bykle går dels gjennom Byrtedalen.
Kjelder
- Johan Christian Frøstrup (red.), Vandringer i Setesdal Austhei, Friluftsforlaget, 2014, side 31