Byglandsfjord med 110 år gamal norsk rekord
Byglandsfjord med 110 år gamal norsk rekord er eit lesarinnlegg i Setesdølen nr. 69, 2016 av Vidar Toreid.
I desse dagar kan Byglandsfjord feire 110-årsjubileum for den varmaste septembertemperatur som er målt i landet. Den 2. september 1906 var det heile 28,5 grader på Byglandsfjord. Men same stad kan og feire 30-årsjubileum i år for den varmaste dagen i Aust-Agder: 33,7 grader 1. juli 1986. Og så seint som 20. juli 2013 kunne Byglandsfjord skilte med 32,4 grader, samstundes som det var Jordbærfestivalen på Evje.
Men Setesdal kan og by på kulderekordar. Hovden har den kaldaste målinga nokon gong i Aust-Agder, med minus 38 grader 8. januar 1982. (Kjelde: Wikipedia)
Kjelder
*Byglandsfjord med 110 år gamal norsk rekord. Artikkel av Vidar Toreid i Setesdølen nr. 69, 2016 side 3