Bygland skule

Bygland skule ligg i Bygland sentrum, nær Bygland kommunehus og Bygland kyrkje. Skulen er ein 1-10 skule med 120 elevar og 21 tilsette. Skulen har om lag 70 elevar i barneskulen og 50 i ungdomsskulen. I tillegg organiserer skulen språkopplæring av vaksne asylsøkjarar. I SFO går det 8 born.
Bygland skule er frå 1. januar 2008 ein del av Bygland oppvekstsenter. Skulen blei påbygd og ombygd i 2005-2006 og har tidsmessige og fine lokale. Symjebassenget er i bruk frå haustferien til påske. Uteområdet har akebakke og isbane om vinteren og sykkelløype, ballbinge, ballbanar, klatrevegg mm resten av året. Skulen ligg lagleg til for å bruke naturområdet i Bygland og har difor uteskule på timeplanen for 1.-3. klasse.
Tilsette
Rektor på skulen er Lene Fjerdingstad Vegusdal. Ho overtok stillinga frå hausten 2024 etter Gunnar Olav Attestog. Med seg i administrasjonen har ho Irene Moe, som er inspektør og Berit Haugetveit, som er rådgjevar og sosiallærar.
Øvrige lærerar var i 2013: Ann-Cecilie Andersen Attestog, Arne Haugetveit, Asveig Attestog, Bjørg Maren Lauvdal, Gunnar Gakkestad, Gunnar Vollen, Gunni Alise Raila Eikeland, Guro Kvaale Skibsrud, Henny Nordbø, Marianne R. Kjetså, May Lisbet Johansen, Olav Arnfinn Arneberg, Siv Eline Jacob, Svanhild Frøysnes, Torhild Austad, Trine Langemyr og Åslaug Haugå.
Kjelder
- Om Bygland skule
- Sigrid Åsen Haugsgjerd, Nye rektorar etter omstrukturering, artikkel i Setesdølen nr. 52, 2024, side 6