Austre Fjellmannsveg
Hopp til navigering
Hopp til søk
Austre Fjellmannsveg var ein alternativ trasé på Fjellmannsvegen, den gamle «byvegen» (ridevegen) til setesdølane, mellom Einstabland i Hægeland og Mosby i Kristiansand.
Frå Einstabland gjekk denne ruta sørover om Åmdal, over Sandripheia, ned Vormebrokka og fram til ein vadestad i austre enden av Skarpenglandvatnet. Frå her drog ridevegen seg over Loland og vidare over Støleheia via Tutlamoen til Mosby.
Denne austre traseen gjekk stort sett ut av ålmenn bruk i 1770-åra fordi den Vestre Fjellmannsvegen då blei forbetra.
Kjelder
- Torfinn Normann Hageland, Gamle veger i Vest-Agder, utgjeve av Statens vegvesen Vest-Agder, 2000, side 169–171