Hægeland

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Hægeland 5. januar 2017.

Hægeland er ein tettstad og ei bygd i Vennesla. Hægeland var eigen kommune frå 1896 til 1964, då han blei slått saman med Øvrebø og Vennesla. Bygda ligg ved Riksveg 9, 35 km nord for Kristiansand og 25 km sør for Evje. Tettstaden hadde 433 innbyggjarar per 1. januar 2016. På Hægeland ligg Hægeland kyrkje, barneskule, eldreheim, butikkar, trevarefabrikk, bensinstasjon og mekanisk verkstad med meir. Ungdomsskule, idrettslag og musikkorps er felles med Øvrebø, rundt 13 km sør for Hægeland.

Frå Hægeland går Fv-462 vestover over Kolandsheia til Bjelland i Marnardal.

Ordførar i Evje og Hornnes kommune, Bjørn A. Ropstad, kjem frå Hægeland.

Kjelder

Kart

Laster kart...