Åse Auversdotter Dysje

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Åse Auversdotter Dysje
Født: 1863
Død: 6. august 1910 (alder 46–47)

Åse Auversdotter Dysje (fødd 1863, død 6. august 1910) var bondekone på Strandestøyl og Nedre Dysje i Botnen i Bykle. Åse var fødd på Hisdal og vaks opp der og seinare på Nordstog Bratteland i Botnen. Foreldra var Auver Helleiksson Glidbjørg (f. 1827, d. 1868) og Borghild Eivindsdotter Stavenes (f. 1827, d. etter 1910).

Åse var frå 1885 gift med Andres Torleivsson Strandestøyl (f. 1845). Andres døydde i 1905. Åse selde Nedre Dysje til Thorvald Meyer Heiberg i 1908, men blei buande på bruket saman med dottera Borghild (f. 1888).

6. august 1910 omkom Åse og Borghild i ei tragisk drukningsulykke i DysjesundetBotsvatn.

Kjelder