Ålmannvegen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ålmannvegen var ein enkel rideveg som vart avløyst av kjerreveg frå Valle til Bykle gamle kyrkje i 1879, vidare til Hoslemo i 1904, og køyreveg frå Berdalsbru til Hovden rundt 1930.
Før køyrevegen til Hovden kom, gjekk Ålmannvegen opp Hoslemogardane og til Dalen, med bru over Løyningsåni og vidare til Ørnefjell. Derfrå gjekk han til Hartevatn, og på vestsida av Hartevatn til Breive og Hovden.
Folke Nesland i Bykle har gjort eit stort arbeid med å finne att og kartlegge Ålmannvegen. Han har skildra vegen i rapporten Ålmannvegen Bykle til Breive. Ferdavegar i Bykle (1996).
Kjelder
- Kulturminneplan Bykle 2016-2019, side 12
- Leonhard Jansen m.fl., Frå postveg til riksveg - vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, side 168 og kart nr. 29–33 bakerst i boka