Hopp til innhald

Hallvard Frøysnes

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 30. september 2014 kl. 10:04 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (personmal)
Hallvard Frøysnes
Født: 26. februar 1933 (93 år)

Hallvard Frøysnes (fødd 26. februar 1933Frøysnes) arbeidde som lærar i Bygland kommune frå 1958. Han representerte Arbeiderpartiet som medlem av kommunestyret i Bygland i 20 år, 16 av desse var han med i formannskapet. Han var varaordførar då ordførar Osmund Faremo vart vald inn på Stortinget i 1965, og dermed overtok han som ordførar i kommunen frå 1966-1968. Han hadde og ei rekke andre politiske verv, mellom anna som formannskapssekretær og formann i skolestyret då Bygland skule og symjehallen vart bygd i kommunen.

Før han tok lærarutdanning hadde Hallvard Frøysnes teke landbruksskole og gått på Hornnes landsgymnas. Han var også aktiv i idrett og kretsmester i stille lengde og høyde. Ei tid dreiv han og kjøreskule.

Kilder