Snjoheinuten

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 31. juli 2014 kl. 12:07 av Hellandsbot (diskusjon | bidrag) (robot: automatisk teksterstatning: (-display_points: +display_points: ))
Hopp til navigering Hopp til søk
Øvst oppe i Troddedalen. Snjoheinuten lengst mot høgre.
Den sørlege toppen sett frå den nordlege.
Foto: Reidar Tveito
Den ein meter høgare toppen i nord, sett frå den sørlege toppen.
Foto: Reidar Tveito
I vest ligg Reinevatn.
Foto: Reidar Tveito

Snjoheinuten er ein dobbelttopp i Bykle vesthei som ligg mellom Vatndalsvatnet og Botsvatn. Høgda er 1439 moh. og toppen har ein primærfaktor på 240 meter. Namnet tilseier at det ligg snø på denne toppen i store delar av året, ja gjerne fleire år på rad utan å heilt smelta bort om sommaren.

Korleis koma hit

Lokalkjende folk finn veg til Snjoheinuten frå fleire hald, for dette er ingen vanskeleg topp å koma opp på. Ein måte er å taka i veg frå kraftverkas bilveg langsmed Vatndalsvatnet, og leggja i veg innover Troddedalen mellom Troddedalstjønnane og Langegrovi. Turistforeninga DNT Sør, tidlegare KOT, har ein gong hatt ei merka turløype gjennom Troddedalen og vidare mot Støyldalen og Bykle. Denne vart nedlagt, og merka var lite synlege i 2010.

Ved Troddevarden, øvst oppe i Troddedalen, kan ein fylgja bekken opp til Simlehjellin, og vidare veg i sør-vestleg lei seier seg sjølv. Snjoheinuten er ein dobbelttopp der den nordlegaste toppen er høgast. Den sørlege toppen er berre ein meter lågare, men på denne har det vore ein trigonometrisk merkestolpe, og det er ein varde der. I vest kan ein sjå utover Reinevatn, og i aust mot den mest like høge Kvervetjønnuten.

I dag nyttar mange seg av GPS-navigering, men ein ekstra tryggleik som berre veg få gram, er å ha med seg papirkart og kompass.

Kart

Laster kart ...

Kjelde

Ekstern kjelde