Dam Åstøl
Utsjånad

Foto: Geir Daasvatn

Foto: Geir Daasvatn
Dam Åstøl ligg ved nordre enden av Nåvatn/Åstølvatn på heia sør-vest for Breland i Åseral. Dammen er ein betongdam og eit ledd i oppdemminga av Nåvatn til magasin for Skjerka kraftverk. Eigar er Å Energi.
Åstølvegen går frå Breland opp til dammen. Ved dammen er Øygard kraftverk under bygging frå våren 2026.
Historie
Opphaveleg blei dammen bygd som ein stålbukkedam i 1941. Han var nødvendig fordi Nåvatn blei heva opp til kote 628. Vatnet rant då inn i Åstølvatn. Det var trong for ein sperredam i nordre enden av vatnet.
Kjelder
- Utbyggingen av Skjerka kraftverk i Åseral. Et historisk tilbakeblikk, utgjeve av VAE Energi AS, 2000