Skjerka kraftverk

Skjerka kraftverk er eit vannkraftverk i Åseral kommune. Kraftverket ligg inne i fjellet, og nyttar eit fall på 371 m frå Ytre Skjerkevatn og Nåvatn. I tillegg vert det overført vatn til Nåvatn frå Langevatn og Kvennevatnet på Ljosland lenger nord gjennom ein over 13 km lang tunnel. Kraftverket forsyner energi til om lag 30 600 husstandar.
Vatnet vert leia i ein 1,8 km lang tunnel frå inntaksmagasinet ned til kraftstasjonen på Skjerka. Stasjonen har to aggregat. Samla effekt er 98 MW og gjennomsnittleg årsproduksjon er på 791 GWh. Vatnet frå kraftverket renn ut i Ørevatn.
Kraftverket er eigd av Agder Energi. Det er det 2. største kraftverket i selskapet.
Utbygging
Det er dei seinare åra (2016–2019) gjort ei stor oppgradering av Skjerka kraftverk. Ein av dammane ved Nåvatn (dam III) blei fjerna. Dei tre andre står att som kulturminne, under vatn når magasinet er fullt. Den gamle betongdammen i Skjerkevatn blei riven. Det blei i staden bygd to nye store steinfyllingsdammar, ein i Skjerkevatn og ein i Heddersvika. Etter utbygginga er vasstanden i Skjerkevatn heva med 23 meter til kote 624, og Skjerkevatn og Nåvatn er blitt eitt stort magasin. Større magasin og auka fallhøgde gir auka produksjon i kraftverket.
Historie
Arbeidet med Skjerka kraftverk starta opp i 1930. Det blei då bygd ein kraftstasjon i dagen, med røyrgate ned fjellsida frå Ytre Skjerkevatn. Det gamle kraftverket hadde først tre, og seinare seks aggregat. Produksjonen starta i 1932. Gennomsnittleg årsproduksjon i denne stasjonen var 492 GWh. Utbygginga var den første store i Mandalsvassdraget. Dei gamle aggregata står fortsatt i stasjonen, og skal kunne brukast i periodar med ekstra stor tilgang på vatn.
I mars 1938 vedtok fylkestinget å utvide kraftanlegget, med oppdemming av Nåvatn. Arbeida tok til i 1939, og stod ferdige i 1943. Då var det bygd to nye fleirbogedammar og to platedammar i søre enden av Nåvatn.
Det blei så bygd ny kraftstasjon på Skjerka i 1997. Den nye stasjonen vart sprengt inn i fjellet.
Kulturminne
Som en heilskap er kraftanlegget gitt vern som eit av kulturminna i norsk kraftproduksjon. Noko av grunngjevinga for dette er at stasjonen syner kontinuiteten i kraftutbygginga, med gamal kraftstasjon i dagen og ny i fjellhall, dessutan med dei opphavelege aggregata, i tillegg til at ein kan finne to turbintypar (Pelton- og Francis-turbinar) i same stasjon.
Kjelder
- Artikkelen om Skjerka kraftverk på Wikipedia (bokmål)
- Om Skjerka kraftverk på nettsida til NVE
- Om Skjerka kraftstasjon på heimesida til Agder Energi
- Artikkel om utbygginga i 2016-2017 i Teknisk Ukeblad
- Utbyggingen av Skjerka kraftverk i Åseral. Et historisk tilbakeblikk, utgjeve av VAE Energi AS, 2000