Dysjebekken

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 16. februar 2026 kl. 22:51 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Frå Dysjetjønni)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Dyse med Dysjebekken heilt t.v. i biletet.

Dysjebekken renn frå Dysjetjønni i fjellheimen nord for Dysje ned til og ut i Botsvatn ved dei nedlagte gardsbruka på Dysje i Botnen i Bykle.

Bøndene på Dysje hadde kvern til å male korn i Dysjebekken. Ho låg på vestsida av bekken. Eit snøras tok med seg kvernhuset, truleg like før eller tidleg under andre verdskrigen. Ein av kvernsteinane skal vere brukt som utebord på ei hytte på Skreppestøylhaugen. Litt lenger nede langs bekken var det slipestell. Sag har det også vore langs bekken. Stadnamna Stampefloti og Stampebakken taler for at det òg har vore vadmålsstampe.

Kjelder

Kart

Laster kart ...