Auver Helleiksson Bratteland
Auver Helleiksson Bratteland (fødd 1886, død 1926) var bonde på gardsbruket Nordstog Bratteland i Botnen i Bykle. Han hogg seg stygt i beinet under arbeid i skogen i 1926 og døydde av skadene. Han etterlet seg kona Ingebjørg Olavsdotter Bratteland og ni born.