Heibergvegen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 17. mars 2023 kl. 14:47 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny side)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Heibergvegen er den lengste og eldste av bilvegane (skogsbilvegane) inn i heiane i Valle. Han går frå Brokke i Hylestad, inn Fardalen og Bergsdalen til Tjønnestøyl, noko heimafor Evardalen. Vegen er 12 km lang, og blei bygd frå 1915 og frametter. Vegbyggaren var Thorvald Heiberg. Han hadde kjøpt enorme heievidder av bøndene i Hylestad og Valle, og vegen vart bygd for å kunne utnytte dei svære heiane betre.

I 1932 fekk vegen ei grein frå Greini og inn til Myklevatn.

Brokke-Suleskarvegen følger den gamle Heibergvegen frå Brokke.

Kjelder