Søren Kallhovd

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 8. september 2022 kl. 14:44 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Føyd til kona)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Søren Kallhovd
Født: 28. oktober 1930
Død: 15. januar 2008 (77 år)

Søren Kallhovd (fødd 28. oktober 1930, død 15. januar 2008) var lærar og skulesjef i Evje og Hornnes kommune. Han var gift med Frøydis Kallhovd.

Kallhovd var utdanna lærar frå Kristiansand lærarskule i 1960, og adjunkt frå 1976. Han var tilsett ved Evje framhaldsskule 1960-1963 og ved Evje ungdomsskule 1963-1978. Han var konstituert rektor ved same skule i 1970-1971. Frå 1978 var han adjunkt ved Hornnes gymnas, og rådgjevar ved same skule frå 1985. Frå 1987 var han skulesjef i Evje og Hornnes kommune.

Kallhovd var aktiv i idrettslivet i Evje og Hornnes. Han var leiar i Otra IL i 1965, leiar av handballgruppa i 1963-1964 og leiar av friidrettsgruppa i 1966-1967. Han var trenar for Otra ILs A-lag 1964, som vart krinsmeister i 5. divisjon og rykka opp i 4. divisjon.

Søren Kallhovd er gravlagd på Evje kyrkjegard.

Kjelder