Handballgruppa Otra IL
Handballgruppa i Otra IL er ein av dei største breiddehandballklubbane på Agder, med rundt 280 aktive spelarar (2014). Otra hevdar seg bra i ungdomsklassane, og rekrutterer spelarar til toppklubbane i regionen og til regionale og nasjonale talentsamlingar.
Handballgruppa har tilbod om aktivitetar for alle born frå 8 år og oppover til seniorlag for damer og herrer.
Handballaga til Otra IL spelar heimekampane sine i Otrahallen på Hornnes. Frå 2017 er treningane i Otrahallen og i den nye Evje flerbrukshall.
Historie

Jostein Berget organiserte den første handballgruppa i Otra IL. Han hadde prøvd å få i gong eit handballag på Evje alt før Otra IL vart stifta, og blei vald til den første formannen i handballgruppa då Otra kom til i 1960. Handballgruppa var såleis ei av dei fire opphavelege gruppene i idrettslaget. Med i det første styret var Anna Galteland og Hjørdis Kjebekk. Styret fann i første omgang at det var jentene dei måtte satse på å få med.
Det aller første handballaget blei danna hausten 1960. I 1961 deltok det første jentelaget i kretsserien i Vest-Agder. I 1963 var eit gutelag med for første gong. Dei første åra gjekk treningane mykje føre seg i gymsalen på Hornnes gymnas eller inne i Evjemoen militærleir. Utandørs trente handballspillerene på Evje kommunale idrettsplass.
Hausten 1968 blei ein ny handballbane opparbeidd og asfaltert inne på Dyrskuplassen på Evje. Her bidrog Forsvaret med både folk og maskiner. 22. september 1968 blei den nye banen høgtideleg opna av ordføraren.
I 1969 blei Otra sitt småpikelag krinsmeistrar. Det var aller første gong eit handballag i Otra fekk oppleve dette. Jostein Berget var hovudtrenar for laget. Dagfinn Eriksen var hjelpetrenar.
Otra hadde dette første tiåret i lagets historie ingen handballhall der heimekampane kunne spelast. Dei laut ein spele i Vennesla eller i Kristiansand. Men i ein periode fekk laget lov til å spele heimekampane sine i ein plasthall på Evjemoen.
Leiarar
- Jostein Berget 1960-1962, 1967, 1970
- Søren Kallhovd 1963-1964
- Erling Petter Roaldsvig 1965
- John-Ole Ravneberget 1966
- Dagfinn Eriksen 1968-1969
- Egil Guthormsen 1971
- Leif Fjerdingstad 1972
- Helge Frimanslund 1973-1974
- Tore Andersen 1975
- Bjarne Johansen 1976
- Håkon Rissmann-Bredesen 1977-1980
- Tore-Jan Stokkedal 1980-1981
- Inger Anne Wienenga 1981-1983
- Kurt Jørstad 1984-1985
- William Berntsen 1986
- Liv Hansen 1987-1988
- Erik Tollefsen 1989-1990
- Anne Grethe Fjerdingstad 1991-1992
- Terje Abusland 1993-1994
- Monica Løvdal 1995
- Ole Christian Eriksen 1996
- Jan Albert Haagensen 1997-2001
- Tony Halsall 2002
- Doris Hatteberg 2003
- Svein Arne Haugen 2004-2014
- Debbie Abusland 2015-2017
- Egil Kvitne 2018-
Kjelder
- Olav Arne Kleveland, Otra IL 50 år - ei reise gjennom 50 års historie, jubileumsbok utgjeve av Otra IL, 2010, s. 207-243