Hopp til innhald

Hoslemo kraftstasjon

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 27. februar 2022 kl. 13:57 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kjelder)

Hoslemo kraftstasjon var eit lite kraftverk som vart sett opp i 1943 for å gje straum til Vatndalsanlegget i Bykle. I desember 1943 var produksjonen i gang. Etter anlegget vart stasjonen overteke av Aust-Agder Kraftverk, og overføringsliner vart strekt. I mars 1950 fekk Vatndalen, Hoslemo, Berdalen og Bykle kyrkjebygd straum. Den store reguleringskommunen i Aust-Agder var då den siste til å få innlagt straum i husa.

Kjelder