Ormslivatnet

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 28. juli 2020 kl. 07:18 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Rettet tegnsetting)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ormslivatnet ligg under Sandvikfjellet på vestsida av Byglandsfjorden i Bygland. Frå Ormslivatnet renn Veråni sør-austover forbi Veresteane og Verehommen, og vidare sørover ned lia og ut i fjorden mellom Vik og Sines.

Av dei mange bekkar som renn inn i Ormslivatnet, har Muggetjønnbekken størst nedslagsfelt, på 1400 da. Frå 685 meter over havet byrjar ein liten bekk å renne ned Bakkebrekkon mot Sandtjønni, vidare gjennom Øvre- og Nedre Åmtjønn ned til Muggetjønn. I Muggetjønnbekken renn vatnet 600 meter ned til Ormslivatnet, som igjen er hovudkjelda for Veråni.

Kjelder

Kart

Laster kart ...