11. april 1940
| april | ||||||
|---|---|---|---|---|---|---|
| ⧼må.⧽ | ⧼ty.⧽ | ⧼on.⧽ | ⧼to.⧽ | ⧼fr.⧽ | ⧼la.⧽ | ⧼su.⧽ |
| 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 |
| 8 | 9 | 10 | 11 | 12 | 13 | 14 |
| 15 | 16 | 17 | 18 | 19 | 20 | 21 |
| 22 | 23 | 24 | 25 | 26 | 27 | 28 |
| 29 | 30 | |||||
11. april 1940 var ein torsdag.
Foto: Evje og Hornnes kommune si biletsamling/utlånt av Alf Georg Kjetså
Hendingar
- Dei militære styrkane i Kristiansands-området blei natta mellom 10. og 11. april trukke nordover frå stillingane sine ved Mosby-Kvarstein, først til traktene ved Reiersdal/Langevatnet, og tidleg om morgonen vidare til Hægeland
- Evjemoen blei bomba av tyske fly. Angrepet starta rundt klokka 9.30, og var utført av to puljer med totalt seks fly. Totalt skal det ha blitt sluppe 48 bomber. Fleire bygningar blei sette i brann. Kantina og hovudkjøkkenet blei totalskadde. Nordre kaserne vart påført store skader. Det blei skote mot dei tyske flya frå mitraljøse- og maskingeværstillingar, mellom anna på den gamle idrettsplassen i Nordre Leir og på Listeinsfjellet. På Steinsfjell var det flyvarslingspost. Her låg mellom fleire Trygve Gullesen, Notto Åsland, Nils Fennefoss og Leif T. Birkeland. Dei var blitt kalla inn som nøytralitetsvakter vinteren 1940, like før krigen braut ut. Det blei skote mot flya frå Steinsfjell. Men soldatane måtte søke dekning då dei tyske flya skaut tilbake
Kjelder/Litteratur
- Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, band II, 2003, side 130-140
- Johan Christian Frøstrup og Bjørn Davidsen, Aust-Agder under okkupasjonen. Glimt fra krigsårene 1940-1945, Friluftsforlaget, 2017, side 82 og side 85
- Erik Kjebekk, Krigen kjem til Evje, artikkel i Arnstein 2018, side 54-61