Listeinsfjellet
Listeinsfjellet er eit lågt fjell (230 moh.), ein liten ås, aust for Bjoråvegen lengst nord på den lange sletta ved Evjemoen i Evje og Hornnes.
Under det tyske flyangrepet på Evjemoen 11. april 1940 hadde soldatane ei maskingeværstilling på Listeinsfjellet. Det skulle ha vore ei mykje kraftigare mitralsjøsestilling. Men ein viktig del av det våpenet låg att i Kristiansand, og mitraljøsa kunne ikkje brukast. Sigurd Skomedal var mellom soldatane her. Under krigen hadde tyskerane ei luftvernstilling på fjellet.
Namnet
Folk i Evje-bygda har nok helst tenkt at Listeinsfjell kom av «Lisle Steinsfjell», i motsetnad til det høgare Steinsfjell inne ved Evje stadion og Trollbakken hoppanlegg. Men i kultursoga for Evje og Hornnes og det store bokverket til Sigmund Monen om gruvedrifta i Setesdal, er det hevda ein teori om at Listeinsmoen eigentleg tyder «Hærsteinsmoen», etter det norrøne ordet for hær, lidr. Listeinsmoen var då moen der hærsteinen - Galtelandsteinen - stod. Etter den teorien skulle Listeinsfjellet bli «Hærsteinsfjellet», fjellet ved Hærsteinen, og ikkje Lisle Steinsfjell slik evjedølane kanskje har trudd. Men kva som er rett her er vel ikkje sikkert slått fast.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 60
- Sigmund Monen, Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 286 og 291
- Sigurd Skomedal, Aprildagane i 1940, artikkel i Jol i Setesdal 1995, side 32–33
- Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, band II, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 2003, side 137–138
- Kommunedelplan for kulturminner 2019–2024, vedtatt av Evje og Hornnes kommunestyre 28. februar 2019, side 21