Dalstøylvegen
Dalstøylvegen på Uppstad i Hylestad er ein skogsbilveg (bomveg) som tek til ved betalingsbom nokre hundre meter nord for den største tippen på Uppstad, og går fleire kilometer nordover gjennom Hylesdalen til Myrbui. Når ein er komen så langt, er ein over på grunnen til Syndre Bø i Valle.
Eit veglag, Dalstøylvegen SA, driv vegen.