11. april 1940

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 24. januar 2018 kl. 10:18 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Småpuss)
Hopp til navigering Hopp til søk

11. april 1940 var ein torsdag.

Fil:Bombinga av Evjemoen 11. april 1940 - EHF-042813.jpg
Evjemoen etter bombing av tyske krigsfly 11. april 1940.
Foto: Evje og Hornnes kommune si biletsamling/utlånt av Alf Georg Kjetså

Hendingar

  • Dei militære styrkane i Kristiansands-området blei natta mellom 10. og 11. april trukke nordover frå stillingane sine ved Mosby-Kvarstein, først til traktene ved Reiersdal/Langevatnet, og tidleg om morgonen vidare til Hægeland
  • Evjemoen blei bomba av tyske fly. Angrepet starta rundt klokka 9.30, og var utført av to puljer med totalt seks fly. Totalt skal det ha blitt sluppe 48 bomber. Fleire bygningar blei sette i brann. Kantina og hovudkjøkkenet blei totalskadde. Nordre kaserne vart påført store skader. Det blei skote mot dei tyske flya frå mitraljøse- og maskingeværstillingar, mellom anna på den gamle idrettsplassen i Nordre Leir og på Listeinsfjellet

  

Kjelder/Litteratur