11. april 1940
11. april 1940 var ein torsdag.
Foto: Evje og Hornnes kommune si biletsamling/utlånt av Alf Georg Kjetså
Hendingar
- Dei militære styrkane i Kristiansands-området blei natta mellom 10. og 11. april trukke nordover frå stillingane sine ved Mosby-Kvarstein, først til traktene ved Reiersdal/Langevatnet, og tidleg om morgonen vidare til Hægeland
- Evjemoen blei bomba av tyske bombefly. Angrepet starta rundt klokka 9.30, og var utført av to puljer med seks fly. Totalt skal det ha blitt sluppe 48 bomber. Fleire bygningar blei sette i brann. Kantina og hovudkjøkkenet blei totalskadde. Nordre kaserne vart påført store skader. Det blei skote mot dei tyske flya frå mitraljøsestillingar, mellom anna på den gamle idrettsplassen i Nordre Leir og på Listeinsfjellet
Kjelder/Litteratur
- Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, band II, 2003, side 130-140
- Johan Christian Frøstrup og Bjørn Davidsen, Aust-Agder under okkupasjonen. Glimt fra krigsårene 1940-1945, Friluftsforlaget, 2017, side 82 og side 85