Hopp til innhald

Setesdal spelemannslag

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 18. november 2017 kl. 20:05 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kort om Agder Spelemannslag)

Setesdal spelemannslag vart skipa 31. august 1930, under namnet Agder Spelemannslag. I 1935 blei namnet endra til Setesdal spelemannslag. Etter at laget vart etablert, har det stått for Setesdalskappleiken, som vert arrangert kvart år i august.

I det første styret var desse med: Gunnar Lande, formann, Torleiv Frøyså, J. G. Nordgård, Olav Heggland og Dreng Ose.

Æresmedlemmer

Meisterspelemannen Olav Heggland er mellom heidersmedlemene i Setesdal Spelemannslag. Han var den aller første i laget som fekk denne gjeve utmerkinga.

Litteratur

I samband med 50-årsjubileet i 1980 skreiv Gunnar Lande og Hallvard T. Bjørgum festskriftet Setesdal Spelemannslag 50 år. 1930-1980. Boka er på 424 sider og er illustrert.

Kjelder