Glidbjørg (Bykle gnr. 16 bnr. 11)

Foto: Geir Daasvatn
Glidbjørg (Nordstog Glidbjørg) er eit gardsbruk (gnr. 16 bnr. 11) på Glidbjørg i Bykle. I matrikkelen høyrer det under Stavenes. Eigarar er Bjørn Erling B. Auestad (f. 1974) og kona Hanna Lindfors. Dei overtok Bykle Hotell i 2003, og arbeider begge på hotellet. Men dei bur altså på Glidbjørg.
Historie
Glidbjørg var truleg rydda før 1350. Garden må ha lege øyde etter Svartedauden. Så blei han freista teken opp att frå ca. 1625. Men først i 1913 blei Glidbjørg formelt utskilt frå Utistog Stavenes og tildelt bnr. 11 og ei skyld på 28 øre.