Skutåna

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 26. juli 2016 kl. 09:26 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kart)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:Skutåna Evje 250716.jpg
Eit lite fossefall i Skutåna.
Fil:Skutåna Evje gammel stem 250716.jpg
Den gamle stemmen i elva.
Foto: Geir Daasvatn

Skutåna er ei lita elv ved Lislevand, aust i Evje og Hornnes, heilt inn til grensa mot Birkenes kommune. Ho renn ut av Hovvatn på heia rett sør for Himmelsyna og sørover til Hovlandsåna i Hovlandsdalen. Ho er såleis ein del av Uldalsvassdraget, ei sidegrein til Tovdalselva. Elva er omlag 3,9 kilometer lang.

I den nedre delen av elva, kort før ho renn under Fv-42 og ut i Hovlandsåna, er det ein godt bevart steindam frå tidleg på 1900-talet. Stemmen demde opp bekken, og vatnet blei brukt til å drive ei sag som tilhøyrde to av bruka på Lislevand. Saka skal ha vore i bruk fram mot 2. verdskrigen.

Kjelder

Kart

Laster kart ...