Hopp til innhald

Svartevatn-magasinet

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 27. desember 2021 kl. 22:01 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt til en kategori)

Svartevatn-magasinet er eit reguleringsmagasin i Setesdal Vesthei, på grensa mellom Rogaland (Forsand), Vest-Agder (Sirdal) og Aust-Agder (Bykle). Magasinet ligg sør for Blåsjø og nord-vest for Roskreppfjorden, to andre store reguleringsmagasin i fjellheimen. Oppdemminga førte til at dei tidlegare innsjøane Ytre Storevatnet, Hyttevatn, Store Auravatnet og Lille Auravatnet, Lonevatnet, Svodhellervatnet og Svartevatn alle flaut saman til eitt stort vassmagasin. Arealet er ca. 31 kvadratkilometer.

Innsjøen er magasin for Duge kraftverk i Sira-Kvina Kraftselskap, og blir regulert 119 meter mellom høgaste og lågaste vasstand (899 moh.-780 moh.). Det er det største magasinet til Sira-Kvina Kraftselskap. Det brukast som fleirårsmagasin. Det tyder at det tar fleire år med normalt tilsig for å fylle opp heile magasinet om det er tomt.

Den største dammen er Svartevassdammen, ein steinfyllingsdam som var den største i Nord-Europa då han stod ferdig i 1976.

Kjelder

Kart

Laster kart ...