Tungefoss (Mandalselva)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 7. oktober 2016 kl. 06:26 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Tungefoss (Mandalselva))
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Tungefoss er ein foss i Mandalselva ved Hommen i Bjelland i Marnardal i Vest-Agder. Kommunegrensa mellom Marnardal og Audnedal går midt i elva på dette stykket, så «halvparten» av fossen ligg i Audnedal. Elva er oppdemd ovanfor fossen, som magasin for Bjelland kraftverk. Vassføringa i den tidlegare så mektige fossen er difor liten i store delar av året. Det er mange spektakulære små og større jettegryter i fossen.

Tungefoss kraftverk var først til å nytte fallet i fossen, men vart nedlagt då Bjelland kraftverk opna i 1974/1975.

Kjelder