Nordbø
Utsjånad
Nordbø er ein gard (gnr. 60) i Flatebygd i Evje og Hornnes. Han ligg nord for Gautestadvegen, mellom gardane Tveit i vest og Austerhus i aust. Frå Gautestadvegen svingar Nordbøvegen seg oppover i terrenget mellom bruka i Nordbø.
Namnet var Nordrbær i gamalnorsk, altså Nordgarden. Dette syner til at han er den nordre garden i forhold til Flåt. Flåt er truleg den eldste garden i Flatebygd, og Nordbø må derfor vere yngre enn denne.[1] Ein trur at Flåt vart rydda i eitt av dei første hundreåra e.Kr. Samstundes meiner kjennarane at garden Tveit er gått ut frå Nordbø, kanskje på 800-talet.[2] Eingong i tidsromet 400-800 må Nordbø då truleg ha blitt skild ut frå Flåt.
Referansar
<references>
- ↑ Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Evje, artikkel i Arnstein 2008, side 36
- ↑ Arvid Tveit (Evje) og Oddmund Mogstad, Tveit i Flatebygd, artikkel i Arnstein 2003, side 23