Hallvard Frøysnes
Utsjånad
Hallvard Frøysnes (fødd 26. februar 1933 på Frøysnes) arbeidde som lærar i Bygland kommune frå 1958. Han representerte Arbeiderpartiet som medlem av kommunestyret i Bygland i 20 år, 16 av desse var han med i formannskapet. Han var varaordfører då ordførar Osmund Faremo vart vald inn på Stortinget i 1965, og dermed overtok han som ordfører i kommunen frå 1966-1968. Han hadde og ei rekke andre politiske verv, mellom anna som formannskapssekretær og formann i skolestyret då Bygland skule og symjehallen vart bygd i kommunen.
Før han tok lærarutdanning hadde Hallvard Frøysnes teke landbruksskole og gått på Hornnes landsgymnas. Han var også aktiv i idrett og kretsmester i stille lengde og høyde. Ei tid dreiv han og kjøreskule.
Kilder
- Sigurd Haugsgjerd: Vil framleis ha eit ord med i laget - Omtale i Setesdølen 26. februar 2008 side 2.
- Omtale i Aftenposten Kultur 26. februar 2008 side 13
- Torkjel Segberg: Hallvard Frøysnes 80 år. Artikkel i Setesdølen nr. 16, 2013 side 5