Nomeland Maskin

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 7. april 2026 kl. 21:07 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (strøsand)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Gravemaskin frå Nomeland Maskin under bygging av Flateland kraftverk i Vegusdal 20. januar 2023.

Nomeland Maskin er eit entreprenørselskap (AS) med base på Rysstad i Valle. Verksemda starta opp i mars/april 2018, og er tufta på den tidlegare verksemda til Nomeland Anlegg som gjekk konkurs rundt påsketider i 2018. Nomelands Anleggsmaskiner AS eig alle aksjane i selskapet. Entreprenørselskapet Olav Martin Sørli AS i Kristiansand overtok frå 1. januar 2023 eigarskapen til Nomeland Maskin AS og Nomelands Anleggsmaskiner AS. Frå før var ferdigbetong-verksemda seld til Ribe Betong. Steinar Nomeland er dagleg leiar. Det er rundt 45 tilsette i verksemda (2022).

Ved oppstarten hadde firmaet oppdrag å gå i gang med knytta til bygging av ny E-18 mellom Arendal og Tvedestrand.

I 2022 hadde firmaet oppdraget med grunn- og betongarbeid ved Flateland kraftverk i Vegusdal. Kaspar Strømme AS var med som underetreprenør for betongen. Før sommarferien 2022 fekk dei to nye oppdrag for Statens vegvesen. Det var svingutbetringar på Riksveg 9 frå Stemmen til Fånefjell, og utbetring av busshaldeplassar på Rv-9 mellom Hægeland og Hovden. Kontraktane hadde ein samla verdi på rundt 40 millionar kroner.

I 2026 gjorde Nomeland Maskin avtale med Statens Vegvesen om tilsyn med og levering av strøsand og salt til lager på Bygland, Skaiå, Vatnestrøm og Evje fram til 2033.

Kjelder

Eksterne lenker