Flateland kraftverk

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Flateland kraftverk på den offisielle opningsdagen 29. august 2024.
Flateland kraftverk 29. august 2024.
Foto: Geir Daasvatn
Kjetevatn er magasin for kraftverket.
Foto: Geir Daasvatn

Flateland kraftverk er eit kraftverk i Vegusdal i Birkenes. Delar av anlegget (overføringstunnel m.v.) ligg i Evje og Hornnes. Eigar er Suomen Voima (Finsk Kraft) Oy.

Anlegget

Kjetevatn er magasin for kraftverket. Vatn blir overført frå Hovlandsåna ved Myklebostad til Kjetevatn gjennom ein ca. fem kilometer lang tunnell. Ein ca. 2,5 kilometer lang tillaupstunnell fører vatnet frå Kjetevatn til sjølve kraftstasjonen på Flateland. Kraftstasjonen gir normalt ein årsproduksjon på rundt 47 Gwh og dekke det årlege straumforbruket for opp mot 3 000 husstandar.

Konsesjon i 2013

Olje- og energidepartementet gav løyve til bygging ved vedtak av 13. september 2013, med seinare justeringar i vedtak dagsett 27. november 2015.

Byggestart 2021

Etter over 20 år med planlegging starta anleggsmaskinane på prosjektet 30. august 2021. Offisiell opning var 29. august 2024. Byggekostnadane blei om lag 300 millionar kroner. Utbyggingsselskapet Bekk og Strøm gjennomførte i starten prosessen på vegne av 10–11 grunneigarar. Frå 2021 overtok det nystarta selskapet Cadre AS ansvaret for utbygginga. TinfosNotodden hadde totalentreprisen for utbygginga. Flage Maskin frå Voss utførte alle fjellarbeida. Nomeland Maskin var hovudentreprenør for grunn- og betongarbeida, med Kaspar Strømme AS i Kristiansand som underentreprenør for betongarbeida. Evje Elektriske utførte husinstallasjonen.

Kjelder

Eksterne lenker