Hovlandsdalen: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Endret litt på kategorien
Kaste94 (diskusjon | bidrag)
Inkje endringssamandrag
 
Line 1: Line 1:
[[Fil:Hovlandsdalen 010119-2.jpg|miniatyr|høyre|Hovlandsdalen [[1. januar 2019]]. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]]
[[Fil:Hovlandsdalen 010119-2.jpg|miniatyr|høyre|Hovlandsdalen [[1. januar 2019]]. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]]
[[Fil:Hovlandsdalen Tveit Vegusdal 201215.jpg|miniatyr|høyre|Garden Tveit i Hovlandsdalen. Foran skimtar ein Fv-42 og litt bak den Hovlandsåna. {{Byline|Geir Daasvatn}}]]
[[Fil:Hovlandsdalen Tveit Vegusdal 201215.jpg|miniatyr|høyre|Garden Tveit i Hovlandsdalen. Foran skimtar ein Fv-42 og litt bak den Hovlandsåna. {{Byline|Geir Daasvatn}}]]
'''Hovlandsdalen''' er eit lite dalføre som ligg «på tvers» (aust-vest) i landskapet mellom [[Lislevatnet]] heilt aust i [[Evje og Hornnes kommune]] og [[Vågsdalsfjorden]] i [[Vegusdal]] heilt aust i [[Birkenes kommune]], mot grensa til [[Froland]].  
'''Hovlandsdalen''' er eit lite dalføre som ligg «på tvers» (aust-vest) i landskapet mellom [[Lislevatnet]] heilt aust i [[Evje og Hornnes kommune]] og [[Vågsdalsfjorden]] i [[Vegusdal]] heilt aust i [[Birkenes kommune]], mot grensa til [[Mykland]] i [[Froland]] kommune.  


== Heielandskap ==
== Heielandskap ==

Siste versjonen frå 17. mars 2026 kl. 14:53

Hovlandsdalen 1. januar 2019.
Garden Tveit i Hovlandsdalen. Foran skimtar ein Fv-42 og litt bak den Hovlandsåna.
Foto: Geir Daasvatn

Hovlandsdalen er eit lite dalføre som ligg «på tvers» (aust-vest) i landskapet mellom Lislevatnet heilt aust i Evje og Hornnes kommune og Vågsdalsfjorden i Vegusdal heilt aust i Birkenes kommune, mot grensa til Mykland i Froland kommune.

Heielandskap

Landskapet på begge sider av dalen er typiske heiestrekningar med mykje snaufjell, myrar, vatn og lite skog. Gjennom Hovlandsdalen renn Hovlandsåna som kjem frå Høvringsvatn heilt nord-aust i Evje og Hornnes og munnar ut i Vågsdalsfjorden. I dalen ligg fleire gardar, mellom anna Lislevand, Øygarden, Myklebostad, Tveit, Ljosland og Hovland i Evje og Hornnes og Skåre, Flateland, Vågsdalen, Breisåsen og Vegusdal i Birkenes.

Fylkesveg 42

Fylkesveg 42 mellom Evje og Arendal går gjennom dalen. Her låg også den siste delen av dette vegsambandet som ennå ikkje hadde fått «gul midtstripe». Men i 2018 starta eit svært arbeid med å utvide vegstrekninga mellom Tveit i Vegusdal og Lislevand i Evje og Hornnes. Arbeidet fortsette i 2019. I november 2019 vart strekninga offisielt opna. Då gjenstod bare å legge eit slitelag med asfalt våren 2020.

Overføring til Evje og Hornnes

Grensejusteringen.
Foto: Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder

Etter innbyggjarinitiativ i 2015 var det søkt om overføring av Hovlandsdalen/«Gamle Nygard krets» frå Birkenes kommune til Evje og Hornnes kommune. Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder traff i mars 2018 vedtak om slik overføring, med verknad frå 1. januar 2019.

Kjelder

Kart

Laster kart ...