Skilnad mellom versjonar av «Valle Radio»
(→Blogg) |
s (→Sjå også) |
||
Line 40: | Line 40: | ||
<rss max=5>https://setesdalswiki.no/blog/feed/</rss> | <rss max=5>https://setesdalswiki.no/blog/feed/</rss> | ||
== | == Programoversyn per år == | ||
*[[Valle Radio | *[[:Kategori:Valle Radio]] | ||
==Eksterne lenker== | ==Eksterne lenker== |
Versjonen frå 13. januar 2025 kl. 15:17

Valle Radio er lokalradio for Valle kommune. Den vart etablert i 1997 og hadde til å begynne med rom i 3. etasje på det gamle kommunehuset i Valle. Men då det kom nye bygningar med kontor for post og politi ved Riksveg 9, fekk radioen plass i etasjen over dåverande Trygdekontoret, som no er kontor for skulepsykologen i Setesdal. Der har han vore sidan.
Styre
Dei fyrste åra var Hallvard Kjelleberg leiar av radioen. Då han døydde, overtok Theis Salvesen. Då han flytta frå Valle kommune, vart Harald Haugland vald til leiar, og då han gav seg etter to år, frå 2007 til 2009, overtok Ørnulf Hasla som styreleiar i 2009.
Etter valet i 2011 hadde han desse med seg i styret: Britta Lise Homme, nestleiar Helge Homme, kasserar, Jørund Georg Jore, teknisk sjef, Inga Flateland, styremedlem. Varamedlemmer vart Rolf Erik Homme og Anna Rysstad .
Ved valet i 2012 gjekk Inga Flateland ut av styret og Kåre Rike kom inn. Anna Rysstad gjekk ut av varamannslista og Harald Haugland kom inn som 2. varamann.
Revisor Hallvard Holum vart attvald, og Inga Flateland og Niklos K. Besteland vart valkomite.
Sending
Valle Radio sender tysdags- og onsdagskveldane over sendernettet til Bykle Radio og dekkjer Valle kommune og Bykle kommune. Sendingane startar normalt klokka 18:00. Radioen har sommarferie frå 1. juni til september.
Tysdagar
Tysdagane er Harald Haugland ansvarleg for ei sending som i stor grad har kristeleg preg. Mykje av stoffet hentar han frå Norea Mediemisjon. Annankvar tysdag er Niklos K. Besteland med i studio for å lage programmet Postludium. Men sjølv om det er mykje kyrkje- og kristenliv desse dagane, nyttar han høvet til å ta med aktuelle saker av og til, i tillegg til at folkemusikk kan stå på programmet. Sjå Liste over tysdagsprogram i Valle Radio 2011.
Onsdagar
Onsdagane er det bygderadio med nytt frå næringsliv og folkeliv, kommunen informerer, andakt og open sending. Ansvaret for desse sendingane er delt mellom fleire programleiarar. Sjå Liste over onsdagsprogram i Valle Radio.
Medarbeidarar
Her er liste over folk som er eller har vore medarbeidarar i Valle Radio:
- Programleiarar
Bjørgulv T. Berg, Ørnulf Hasla, Harald Haugland, Britta Lise Homme, Øyvind Jacob, Ronny Stavsholt. I tillegg kjem programleiarar for Open sending og påskesendingane: Helge Dahle, Jorunn Lund Harstad, Kåre Rike og Rolf Erik Homme.
- Teknikarar
Inga Flateland, Torleif Haugen, Harald Haugland, Jørund Georg Jore, Torhild Sandnes, Marcel Tiedje.
- Telefonvakter
Jorunn Lund Harstad, Ingebjørg Helle Haugen, Jorunn Helle, Berit Homme, Olaf Henrik Homme, Bjørg Ragnhild Trydal Jansen, Gudrun Nomeland, Anna Rysstad, Ingebjørg Ellinor Rysstad, Solveig Rysstad, Ingunn Åkre Uppstad.
CD-plater
- Snøscooter NM-99 1999 I samband med EM i scootercross 1999
- Valle Radios Byljeband 2 2001 I samband med EM i scootercross 2001
- Valle Radio 5 år på lufta 2002
Blogg
Harald Haugland skriv ein blogg basert på programma i Valle Radio, Valle Radios blogg. Bloggen har hatt over 400.000 besøk frå vi starta i oktober 2005.
- I Mandal arrangerer Musikkens Venner av og til konsertar, og i kveld var musikarane Margrete Moen Birkedal og Torunn Irene Moen Kristiansen saman med Eva Landro i kyrkja med eit program dei hadde kal… — 11. mars 2025
- Overskrifta på bloggen i kveld er tittelen på ei bok eg har lese dei siste dagane. Den var lett å lese, delt inn i 35 kapittel og ein epilog, 337 sider til saman, og kvart kapittel har små underavsni… — 09. mars 2025
- Medan eg ser på TV at det snør når dei går på ski i VM i Granåsen i Trondheim, kan eg sjå ut vinduet der det er vårleg og tørr veg. Norge er eit langt land, så det blir ulike tilhøve. I vest høljar d… — 04. mars 2025
- For ei tid tilbake fekk eg innkalling til kontroll på sjukehuset, og i dag var tida komen. Eg skulle vere der klokka 10.30, men med tanke på dei lange gangane på sjukehuset i Kristiansand, la vi av g… — 10. februar 2025
- I går skreiv eg om spam. Siri skreiv eit innlegg om at det var maskingenererte kontoar som vart oppretta for å kunne legge inn uønska stoff, og at Geir hadde gjort ein stor jobb for å blokkere slikt.… — 21. januar 2025