Suldal: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Dobbeltkategorisering
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Bilde
Line 1: Line 1:
[[Fil:Suldal komm.svg.png|miniatyr|høyre|Kommunevåpenet. {{Byline|Wikipedia/Wikimedia Commons}}]]
'''Suldal''' er ein kommune i [[Ryfylke]], nord-aust i [[Rogaland]]. Han grensar i nord mot [[Sauda]], [[Etne]] og [[Odda]], i aust mot [[Vinje]] og [[Bykle]], i sør mot [[Hjelmeland]], og i vest mot [[Vindafjord]].   
'''Suldal''' er ein kommune i [[Ryfylke]], nord-aust i [[Rogaland]]. Han grensar i nord mot [[Sauda]], [[Etne]] og [[Odda]], i aust mot [[Vinje]] og [[Bykle]], i sør mot [[Hjelmeland]], og i vest mot [[Vindafjord]].   



Versjonen frå 28. februar 2022 kl. 22:17

Kommunevåpenet.
Foto: Wikipedia/Wikimedia Commons

Suldal er ein kommune i Ryfylke, nord-aust i Rogaland. Han grensar i nord mot Sauda, Etne og Odda, i aust mot Vinje og Bykle, i sør mot Hjelmeland, og i vest mot Vindafjord.

Kommunen har 3 820 innbyggjarar. Han er med sine 1 736 km² den største kommunen i Rogaland i flatemål, og den tredje største på Vestlandet. Kommunesenteret er Sand, som er eit trafikknutepunkt, handels- og skulesenter.

Kraftkommune

Suldal er ein av dei store kraftkommunane i Norge. Utbyggingene byrja på 1960-talet, då nedbørsfeltet til Suldalsvatnet blei gjenstand for omfattande regulering. Først kom Røldal-Suldal og seinare Ulla-Førre. Rundt 8 % av den samla kraftproduksjonen i Norge går føre seg i kommunen. Blåsjø er det største kraftmagasinet. Reguleringa har ført til store inngrep i naturen, men også inntekter for kommunen.

Suldal – Setesdal

Bøndene i Setesdal i jernalderen måtte over fjellet i vest eller nord-vest for å dekke behovet for mellom anna salt og såkorn. Heilt fram til Postvegen kom gjennom Setesdal midt på 1840-talet, var fjellvegane vestover dei mest naturlege bindeledda til omverda. Kortaste vegen mellom aust og vest var det lengst nord i Setesdalsheiane, mellom Breive i Bykle og Roaldkvam i den indre enden av Suldalsvatnet. Strekninga var bare 25–30 km.

Sjå også

Kjelder

Eksterne lenker

Kart