Ridevegen Breive–Roaldkvam: Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ny side |
s Småpuss |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
'''Ridevegen Breive–Roaldkvam''' er ein gamal ferdaveg vestover for [[Bykle|byklarane]]. Han gjekk frå [[Breive]], gjennom [[Veringsdalen]], over [[Nordmannsvadet]], forbi [[Sveigen]], over [[Meien]], forbi [[Bleskestadmoen]] fram til [[Roaldkvam]] | '''Ridevegen Breive–Roaldkvam''' er ein gamal ferdaveg vestover for [[Bykle|byklarane]]. Han gjekk frå [[Breive]], gjennom [[Veringsdalen]], over [[Nordmannsvadet]], forbi [[Sveigen]], over [[Meien]], forbi [[Bleskestadmoen]] fram til [[Roaldkvam]] ved [[Suldalsvatnet]] i [[Suldal]]. Breive-folk brukte denne vegen når dei var på handletur til Suldal. Der kjøpte dei korn, mjøl, salt og andre handelsvarer. Men det er høgt og vêrhardt å gå over Meien vest for Veringsdalen. Over 20 menneske skal ha mista livet på denne strekninga på 1700- og 1800-talet. Folk frå Breive skal ha gått handelsturar over Meien heilt til 1890-åra. Seinare blei det opna turiststasjon i Breive, og bygt turisthytte på Bleskestadmoen. Då blei ridevegen over Meien merka som turistløype. | ||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
Siste versjonen frå 9. februar 2022 kl. 17:44
Ridevegen Breive–Roaldkvam er ein gamal ferdaveg vestover for byklarane. Han gjekk frå Breive, gjennom Veringsdalen, over Nordmannsvadet, forbi Sveigen, over Meien, forbi Bleskestadmoen fram til Roaldkvam ved Suldalsvatnet i Suldal. Breive-folk brukte denne vegen når dei var på handletur til Suldal. Der kjøpte dei korn, mjøl, salt og andre handelsvarer. Men det er høgt og vêrhardt å gå over Meien vest for Veringsdalen. Over 20 menneske skal ha mista livet på denne strekninga på 1700- og 1800-talet. Folk frå Breive skal ha gått handelsturar over Meien heilt til 1890-åra. Seinare blei det opna turiststasjon i Breive, og bygt turisthytte på Bleskestadmoen. Då blei ridevegen over Meien merka som turistløype.
Kjelder
- Knut Gjerden, Bykle kultursoge, side 445
- Torfinn Normann Hageland, Gamle vegar og buplassar i Setesdal Vesthei, artikkel i Vandringer i Setesdal Vesthei, Friluftsforlaget, 2008, side 252–255