Åneland skule: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Bilde
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lenke navn
Line 7: Line 7:
Ein reknar med at skulen i [[Evje]] kom i gang i første halvdelen av 1740-åra. Evje var frå først av delt i to «skuledistrikt», «øvre» og «ytre». Det var to lærarar som hadde kvar sitt distrikt. Undervisninga var i vinterhalvåret. Lærarane for frå gard til gard og heldt omgangsskule.
Ein reknar med at skulen i [[Evje]] kom i gang i første halvdelen av 1740-åra. Evje var frå først av delt i to «skuledistrikt», «øvre» og «ytre». Det var to lærarar som hadde kvar sitt distrikt. Undervisninga var i vinterhalvåret. Lærarane for frå gard til gard og heldt omgangsskule.


Bøndene i Evje var visstnok ikkje særleg ivrige etter å gå over til fast skule. Men etter å ha drøfta saka i skulekommisjonen i ei årrekke, utan at noko skjedde, kom kommisjonen i 1845 fram til at ein fast skule burde leggjast til Åneland. Det drygde endå ei stund før vedtaket kunne setjast i verk. Men hausten 1849 kom skulen altså i gang. Den første tida var han i leigde lokale, i ei stove hos Tellef Olsen Hougen på nabogarden Haugen. Seinare, i 1862, kjøpte kommunen halvparten av eigedomen til læraren ved den faste skulen, [[Klemet Syrtveit Aaneland]], og våningshuset på eigedomen blei frå då av brukt som lokale for den faste skulen.   
Bøndene i Evje var visstnok ikkje særleg ivrige etter å gå over til fast skule. Men etter å ha drøfta saka i skulekommisjonen i ei årrekke, utan at noko skjedde, kom kommisjonen i 1845 fram til at ein fast skule burde leggjast til Åneland. Det drygde endå ei stund før vedtaket kunne setjast i verk. Men hausten 1849 kom skulen altså i gang. Den første tida var han i leigde lokale, i ei stove hos [[Tellef Olsen Hougen]] på nabogarden Haugen. Seinare, i 1862, kjøpte kommunen halvparten av eigedomen til læraren ved den faste skulen, [[Klemet Syrtveit Aaneland]], og våningshuset på eigedomen blei frå då av brukt som lokale for den faste skulen.   


I 1959 var det slutt med skule på Åneland. [[Evje barneskule|Det nye sentralskulebygget i Evje]] stod klart i 1957, og dei fleste mindre skulestovene rundt om i kommunen blei lagde ned.
I 1959 var det slutt med skule på Åneland. [[Evje barneskule|Det nye sentralskulebygget i Evje]] stod klart i 1957, og dei fleste mindre skulestovene rundt om i kommunen blei lagde ned.

Versjonen frå 20. august 2017 kl. 08:13

Fil:Åneland gamle skulehus 280617.jpg
Våningshuset på eigedomen til Klemet Syrtveit, som var skulehus frå 1862.

Åneland skule var den første faste skulen i Evje. Skulen starta opp i oktober 1849 og var i drift fram til 1959.

Gardane som høyrde til skulen var Åneland, Haugen, Landsverk, Odde, Evje prestegard, Åsland, Tveit, Flåt og Undeland. Bøndene på Tveit og Flåt søkte eit par år seinare om å få åtte vekers omgangsskule i Flatebygd, då det synte seg mest umogeleg å få barna fram til skulen på Åneland i den hardaste vintertida.

Historie

Ein reknar med at skulen i Evje kom i gang i første halvdelen av 1740-åra. Evje var frå først av delt i to «skuledistrikt», «øvre» og «ytre». Det var to lærarar som hadde kvar sitt distrikt. Undervisninga var i vinterhalvåret. Lærarane for frå gard til gard og heldt omgangsskule.

Bøndene i Evje var visstnok ikkje særleg ivrige etter å gå over til fast skule. Men etter å ha drøfta saka i skulekommisjonen i ei årrekke, utan at noko skjedde, kom kommisjonen i 1845 fram til at ein fast skule burde leggjast til Åneland. Det drygde endå ei stund før vedtaket kunne setjast i verk. Men hausten 1849 kom skulen altså i gang. Den første tida var han i leigde lokale, i ei stove hos Tellef Olsen Hougen på nabogarden Haugen. Seinare, i 1862, kjøpte kommunen halvparten av eigedomen til læraren ved den faste skulen, Klemet Syrtveit Aaneland, og våningshuset på eigedomen blei frå då av brukt som lokale for den faste skulen.

I 1959 var det slutt med skule på Åneland. Det nye sentralskulebygget i Evje stod klart i 1957, og dei fleste mindre skulestovene rundt om i kommunen blei lagde ned.

Kjelder