Hopp til innhald

Kjetså: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Rettet skrivemåten i Fylkesveg 42
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Litt om fornminne på Kjetså
Line 3: Line 3:
Namnet Kjetså er tolka til at mannsnamnet Kjetil er opphavet. [[Oddmund Mogstad]] held dette for godt mogeleg. Men sidan Kjetil er eit opphaveleg elvenamn, trur han heller at det kjem etter opphavsordet til kjel og Kjetil, ''ketill''. Oppover langs Kjetsåna er det fleire "kjelar" som har kome av at isblokker låg att i morenemassane etter istida.   
Namnet Kjetså er tolka til at mannsnamnet Kjetil er opphavet. [[Oddmund Mogstad]] held dette for godt mogeleg. Men sidan Kjetil er eit opphaveleg elvenamn, trur han heller at det kjem etter opphavsordet til kjel og Kjetil, ''ketill''. Oppover langs Kjetsåna er det fleire "kjelar" som har kome av at isblokker låg att i morenemassane etter istida.   


Gjennom Kjetså går [[Fylkesveg 42]] i austleg retning til [[Riksvei 9]] mot [[Evje]] og i vestleg retning mot Sveindal og Tonstad. Fram til Setesdalsbanen vart nedlagd i 1962, gjekk vegen mellom Kristiansand og Setesdalen om Kjetså. Gjennom skogen på Kjetså og ut i Voilan renn [[Kjetsåna]], eller [[Tveiteåna]] som ho vert kalla lenger vestover mot [[Tveit i Hornnes]].
Gjennom Kjetså går [[Fylkesveg 42]] i austleg retning til [[Riksvei 9]] mot [[Evje]] og i vestleg retning mot Sveindal og Tonstad. Fram til Setesdalsbanen vart nedlagd i 1962, gjekk [[Kjetsåvegen|vegen]] mellom [[Kristiansand]] og [[Setesdal]] om Kjetså. Gjennom skogen på Kjetså og ut i Voilan renn [[Kjetsåna]], eller [[Tveiteåna]] som ho vert kalla lenger vestover mot [[Tveit i Hornnes]].
 
== Fornminne ==
Det er registrert seks gravhaugar på Kjetså, fire rundhaugar og to langhaugar. Gravhaugane er truleg frå folkevandringstida (400-570 e.Kr.). Ein har også funne minst to økser, kanskje frå 1000-talet. Frå Netberg ved [[Breiflå]] til [[Skarkleiv]] på Kjetså kan ein enno finne spor etter ein gamal veg som blei kalla «Kongevegen». Kanskje vegen kan ha vore ein avstikkar frå administrasjonsvegen kjennarane meiner gjekk frå Stavanger om dei indre bygdene (Iveland og Vegusdal) til [[Arendal]]. 


==Heimar og bruk på Kjetså==
==Heimar og bruk på Kjetså==
Line 22: Line 25:


==Kjelder==
==Kjelder==
*[[Olav O. Uleberg]], ''[[Hornnes I, Gards- og ættesoge]]'', utgjeve av [[Hornnes bygdesogenemd]], 1969
*[[Olav O. Uleberg]], ''[[Hornnes I, Gards- og ættesoge]]'', utgjeve av [[Hornnes bygdesogenemd]], 1969, s. 371-373
*[[Oddmund Mogstad]], ''Gardsnamn i Hornnes'', artikkel i [[Arnstein]], årsskrift for [[Evje og Hornnes Sogelag]], 2006, s. 31
*[[Oddmund Mogstad]], ''Gardsnamn i Hornnes'', artikkel i [[Arnstein]], årsskrift for [[Evje og Hornnes Sogelag]], 2006, s. 31
*[[Oddmund Mogstad]], ''Seterdrift i Evje og Hornnes'', Arnstein, 2011, s. 48
*[[Oddmund Mogstad]], ''Seterdrift i Evje og Hornnes'', Arnstein, 2011, s. 48


[[Kategori:Garder i Evje og Hornnes]]
[[Kategori:Garder i Evje og Hornnes]]

Versjonen frå 21. mars 2015 kl. 11:01

Kjetså er ein gard og ei lita grend vest for Voilan og Breiflå i Hornnes i Evje og Hornnes kommune. Nabogarden vestover er Tveit i Hornnes og austover Hornnes (garden). Kjetså var opprinneleg bare ein gard. Men så blei han som den einaste garden i Hornnes delt i mellomalderen. I dei siste århundra er Kjetså derfor nemd som Nedre Kjetså - Neregarden (gardsnr. 16) og Øvre Kjetså - Øvregarden (gardsnr. 17).

Namnet Kjetså er tolka til at mannsnamnet Kjetil er opphavet. Oddmund Mogstad held dette for godt mogeleg. Men sidan Kjetil er eit opphaveleg elvenamn, trur han heller at det kjem etter opphavsordet til kjel og Kjetil, ketill. Oppover langs Kjetsåna er det fleire "kjelar" som har kome av at isblokker låg att i morenemassane etter istida.

Gjennom Kjetså går Fylkesveg 42 i austleg retning til Riksvei 9 mot Evje og i vestleg retning mot Sveindal og Tonstad. Fram til Setesdalsbanen vart nedlagd i 1962, gjekk vegen mellom Kristiansand og Setesdal om Kjetså. Gjennom skogen på Kjetså og ut i Voilan renn Kjetsåna, eller Tveiteåna som ho vert kalla lenger vestover mot Tveit i Hornnes.

Fornminne

Det er registrert seks gravhaugar på Kjetså, fire rundhaugar og to langhaugar. Gravhaugane er truleg frå folkevandringstida (400-570 e.Kr.). Ein har også funne minst to økser, kanskje frå 1000-talet. Frå Netberg ved Breiflå til Skarkleiv på Kjetså kan ein enno finne spor etter ein gamal veg som blei kalla «Kongevegen». Kanskje vegen kan ha vore ein avstikkar frå administrasjonsvegen kjennarane meiner gjekk frå Stavanger om dei indre bygdene (Iveland og Vegusdal) til Arendal.

Heimar og bruk på Kjetså

Kjelder