Tveiteåna (Hornnes)
(Omdirigert frå Tveiteåna)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Tveiteåna er namnet på elva Kjetsåna der ho renn forbi garden Tveit i Hornnes. Endå lenger oppe, nord for garden, vert ho kalla Stebekken.
I ein foss i Tveiteåna, rett aust for garden Austre Tveit, hadde Olav N. Sundbø sag og høvleri, som han dreiv i mange år. Etter han overtok sonen Torbjørn Tveit saga. Han bygde eit nytt, svært sagbruk i fossen. Men det var helst svigersonen til Tveit, Ingemund Bjorå, som kom til å drive dette nye sagbruket.
Kjelder
- Oddmund Mogstad, Vassdragsnamn i Evje og Hornnes, artikkel i Arnstein 2009, side 30–37
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 194
Eksterne lenker
Sagbruk i Tveiteåna. Nedlagd ca år 2000.
Foto: Geir Daasvatn