Hornnes (Evje og Hornnes gnr. 15): Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Kjelder: rettet skrivemåten i bygdeboknemda
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Line 23: Line 23:
*[[Gunheim]]
*[[Gunheim]]
*[[Frøysnes]]
*[[Frøysnes]]
*[[Ljosland]]
*[[Ljosland (Hornnes)]]
*[[Neset, nedre]]
*[[Neset, nedre]]
*[[Liestøl]]
*[[Liestøl]]

Versjonen frå 29. oktober 2014 kl. 11:39

Hornnes-garden med Haugen, Lunnen og Futegarden i framgrunnen. Foto: Irene Falck Jensen

Hornnes (gardsnr. 15) er ein gard i Hornnes i Evje og Hornnes kommune. Truleg er han ein av dei eldste gardane i Otra-dalføret. Garden ligg sentralt plassert i høve til sidedalføra som støyter til på vestsida av Otra. Han vart difor eit samlingspunkt for distriktet. Dette distriktet eller bygda fekk då namnet Hornnes etter garden.

Hornnes-garden var frå gamalt av ein stor gard. Med skog, hei og utmark utgjorde han 30.000-35.000 mål.

I 1887 eller 1888 fann gardbrukar John N. Hornnes 37 skraparar av flintstein i ein åker på Hornnes-garden. Dette var det største steinalderfunnet i Evje og Hornnes fram til 1970. 15 av skraparane er ved Universitetets Oldsakssamling i Oslo, 13 er i Kristiansands museum og nokre er teken vare på heime på Hornnes. Alderen på gjenstandane er ikkje nøyaktig fastsett, men ein har gissa på at dei er 3000-4000 år gamle.

Bruka i Hornnes-garden

Kjelder