Hornnes (Evje og Hornnes gnr. 15): Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lenkefiks
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Kjelder: Daniel Danielsen
Line 39: Line 39:
*[[Olav O. Uleberg]], ''[[Hornnes I, Gards- og ættesoge]]'', utgjeve av [[Hornnes bygdesogenemd]], 1969, side 330 flg.
*[[Olav O. Uleberg]], ''[[Hornnes I, Gards- og ættesoge]]'', utgjeve av [[Hornnes bygdesogenemd]], 1969, side 330 flg.
*Olav O. Uleberg, ''[[Kultursoge for Evje og Hornnes]]'', band I, utgjeve av  [[Evje og Hornnes bygdeboknemd]], 1990, s. 31 og 63, s. 318
*Olav O. Uleberg, ''[[Kultursoge for Evje og Hornnes]]'', band I, utgjeve av  [[Evje og Hornnes bygdeboknemd]], 1990, s. 31 og 63, s. 318
*[[Daniel Danielsen]], ''Litt gamalt frå Hornnes-garden i Hornnes'', Årsskrift for Agder historielag, nr. 28 (1948), s. 22-27.


[[Kategori:Garder i Evje og Hornnes]]
[[Kategori:Garder i Evje og Hornnes]]

Versjonen frå 21. mars 2015 kl. 08:26

Hornnes-garden med Haugen, Lunnen og Futegarden i framgrunnen.

Hornnes (gardsnr. 15) er ein gard i Hornnes i Evje og Hornnes kommune. Truleg er han ein av dei eldste gardane i Otra-dalføret. Garden ligg sentralt plassert i høve til sidedalføra som støyter til på vestsida av Otra. Han vart difor eit samlingspunkt for distriktet. Dette distriktet eller bygda fekk då namnet Hornnes etter garden.

Hornnes-garden var frå gamalt av ein stor gard. Med skog, hei og utmark utgjorde han 30.000-35.000 mål. Den første eigaren ein kjenner til er Salve Kjetilson Hornnes. Han må ha levd på andre halvdelen av 1500-talet. Han eigde heile garden (fire huder). Salve Kjetilson eigde også garden Moi lenger sør i bygda.

I 1887 eller 1888 fann gardbrukar John N. Hornnes 37 skraparar av flintstein i ein åker på Hornnes-garden. Dette var det største steinalderfunnet i Evje og Hornnes fram til 1970. 15 av skraparane er ved Universitetets Oldsakssamling i Oslo, 13 er i Kristiansands museum og nokre er teken vare på heime på Hornnes. Alderen på gjenstandane er ikkje nøyaktig fastsett, men ein har gissa på at dei er 3000-4000 år gamle.

På gardsbruket Haugen under Hornnes-garden var postopneriet i Hornnes frå 1865 til 1928.

Heimar og bruk i Hornnes-garden

Kjelder