Hovlandsdalen: Skilnad mellom versjonar
s Rettet skrivemåte Lislevatnet |
Inkje endringssamandrag |
||
| (27 mellomliggjande versjonar av éin annan brukar er ikkje viste) | |||
| Line 1: | Line 1: | ||
'''Hovlandsdalen''' er eit lite dalføre som ligg «på tvers» (aust-vest) i landskapet mellom [[Lislevatnet]] heilt aust i [[Evje og Hornnes kommune]] og Vågsdalsfjorden i [[Vegusdal]] heilt aust i [[Birkenes kommune]], mot grensa til [[ | [[Fil:Hovlandsdalen 010119-2.jpg|miniatyr|høyre|Hovlandsdalen [[1. januar 2019]]. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | ||
[[Fil:Hovlandsdalen Tveit Vegusdal 201215.jpg|miniatyr|høyre|Garden Tveit i Hovlandsdalen. Foran skimtar ein Fv-42 og litt bak den Hovlandsåna. {{Byline|Geir Daasvatn}}]] | |||
'''Hovlandsdalen''' er eit lite dalføre som ligg «på tvers» (aust-vest) i landskapet mellom [[Lislevatnet]] heilt aust i [[Evje og Hornnes kommune]] og [[Vågsdalsfjorden]] i [[Vegusdal]] heilt aust i [[Birkenes kommune]], mot grensa til [[Mykland]] i [[Froland]] kommune. | |||
== Heielandskap == | |||
Landskapet på begge sider av dalen er typiske heiestrekningar med mykje snaufjell, myrar, vatn og lite skog. Gjennom Hovlandsdalen renn [[Hovlandsåna]] som kjem frå [[Høvringsvatn]] heilt nord-aust i Evje og Hornnes og munnar ut i Vågsdalsfjorden. I dalen ligg fleire gardar, mellom anna [[Lislevand]], [[Øygarden (Birkenes gnr. 126)|Øygarden]], [[Myklebostad (Birkenes gnr. 127)|Myklebostad]], [[Tveit Nordre (Birkenes gnr. 128)|Tveit]], [[Ljosland (Birkenes gnr. 129)|Ljosland]] og [[Hovland (Birkenes gnr. 130)|Hovland]] i Evje og Hornnes og [[Skåre (Birkenes gnr. 131)|Skåre]], [[Flateland (Birkenes gnr. 132)|Flateland]], Vågsdalen, [[Breisåsen (Birkenes gnr. 134)|Breisåsen]] og Vegusdal i Birkenes. | |||
== Fylkesveg 42 == | |||
[[Fylkesveg 42]] mellom [[Evje]] og [[Arendal]] går gjennom dalen. Her låg også den siste delen av dette vegsambandet som ennå ikkje hadde fått «gul midtstripe». Men i 2018 starta eit svært arbeid med å utvide vegstrekninga mellom Tveit i Vegusdal og Lislevand i Evje og Hornnes. Arbeidet fortsette i 2019. I november 2019 vart strekninga offisielt opna. Då gjenstod bare å legge eit slitelag med asfalt våren 2020. | |||
== Overføring til Evje og Hornnes == | |||
[[Fil:Hovlandsdalen kart grensejustering.jpg|miniatyr|høyre|Grensejusteringen. {{Byline|Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder}}]] | |||
Etter innbyggjarinitiativ i 2015 var det søkt om overføring av Hovlandsdalen/«Gamle Nygard krets» frå Birkenes kommune til Evje og Hornnes kommune. Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder traff i mars 2018 vedtak om slik overføring, med verknad frå [[1. januar 2019]]. | |||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
*Olav Kristian Nygaard og Jens Vellene, ''Vegusdal og Vegdølane'', kapittel 1 i [[Vegusdal - Kultursoge]], utgjeve av Vegusdal bygdesogenemnd, 2002, side 7-14 | *Olav Kristian Nygaard og Jens Vellene, ''Vegusdal og Vegdølane'', kapittel 1 i [[Vegusdal - Kultursoge]], utgjeve av Vegusdal bygdesogenemnd, 2002, side 7-14 | ||
*[https://www.fylkesmannen.no/Aust--og-Vest-Agder/Kommunal-styring/Kommunereformen/Overforing-av-Hovlandsdalen-fra-Birkenes-kommune-til-Evje-og-Hornnes-kommune2/ Om overføring av Hovlandsdalen til Evje og Hornnes på nettsida til Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder] | |||
*[https://www.fylkesmannen.no/Aust--og-Vest-Agder/Kommunal-styring/Kommunereformen/hovlandsdalen-overfores-til-evje-og-hornnes-kommune-fra-1.-januar-2019/ Om vedtak om overføring av Hovlandsdalen fra Birkenes til Evje og Hornnes på nettsida til Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder] | |||
*[https://www.e-h.kommune.no/hurra-kommunen-vaar-har-blitt-stoerre.6173557-198973.html Artikkel om overføring av Hovlandsdalen til Evje og Hornnes kommune på heimesida til kommunen] | |||
== Kart == | == Kart == | ||
{{#display_map: 58.58645562197906,8.071330189704895~Hovlandsdalen Birkenes}} | |||
[[Kategori: | [[Kategori:Vegusdal]] | ||
[[Kategori:Evje]] | |||
[[Kategori:Daler]] | |||
[[Kategori:Stadnamn i Evje og Hornnes]] | |||
Siste versjonen frå 17. mars 2026 kl. 14:53


Hovlandsdalen er eit lite dalføre som ligg «på tvers» (aust-vest) i landskapet mellom Lislevatnet heilt aust i Evje og Hornnes kommune og Vågsdalsfjorden i Vegusdal heilt aust i Birkenes kommune, mot grensa til Mykland i Froland kommune.
Heielandskap
Landskapet på begge sider av dalen er typiske heiestrekningar med mykje snaufjell, myrar, vatn og lite skog. Gjennom Hovlandsdalen renn Hovlandsåna som kjem frå Høvringsvatn heilt nord-aust i Evje og Hornnes og munnar ut i Vågsdalsfjorden. I dalen ligg fleire gardar, mellom anna Lislevand, Øygarden, Myklebostad, Tveit, Ljosland og Hovland i Evje og Hornnes og Skåre, Flateland, Vågsdalen, Breisåsen og Vegusdal i Birkenes.
Fylkesveg 42
Fylkesveg 42 mellom Evje og Arendal går gjennom dalen. Her låg også den siste delen av dette vegsambandet som ennå ikkje hadde fått «gul midtstripe». Men i 2018 starta eit svært arbeid med å utvide vegstrekninga mellom Tveit i Vegusdal og Lislevand i Evje og Hornnes. Arbeidet fortsette i 2019. I november 2019 vart strekninga offisielt opna. Då gjenstod bare å legge eit slitelag med asfalt våren 2020.
Overføring til Evje og Hornnes

Etter innbyggjarinitiativ i 2015 var det søkt om overføring av Hovlandsdalen/«Gamle Nygard krets» frå Birkenes kommune til Evje og Hornnes kommune. Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder traff i mars 2018 vedtak om slik overføring, med verknad frå 1. januar 2019.
Kjelder
- Olav Kristian Nygaard og Jens Vellene, Vegusdal og Vegdølane, kapittel 1 i Vegusdal - Kultursoge, utgjeve av Vegusdal bygdesogenemnd, 2002, side 7-14
- Om overføring av Hovlandsdalen til Evje og Hornnes på nettsida til Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder
- Om vedtak om overføring av Hovlandsdalen fra Birkenes til Evje og Hornnes på nettsida til Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder
- Artikkel om overføring av Hovlandsdalen til Evje og Hornnes kommune på heimesida til kommunen